Dette kan organisasjonar og bedrifter lære av Årets Facebook-side

I går vann Stiftelsen Organdonasjon tittelen Årets Facebook-side, eller Facebook Page of the Year, under Social Media Days. Eg har latt meg inspirere til ein heil ny blogg-serie om kva andre organisasjonar og bedrifter kan lære av kva Organdonasjon har fått til.

Som eg skreiv på Facebook og på Twitter i går viser vinnaren at sosiale medier ikkje berre handlar om «likes», men om «lives»!

Med det meiner eg at Stiftelsen Organdonasjon ikkje berre har skaffa seg ein masse passive tilhengengarar utan å vite kva dei skal bruke dei til.

Organdonasjon guidar målgruppa stødig og tydeleg gjennom oppmerksamheit > forståing > vurdering > ta stilling og seie JA > til å investere tid og krefter i å snakke varmt om organisasjonen til andre og dermed bli talspersonar og bidra til å spreie ordet vidare.

Resultatet er ifølge juryen 25% auke i talet på donorar, og dermed 50 fleire liv redda.

Ifølge infosida på Facebook-sida deira, har Stiftelsen Organdonasjon 5 tilsette – eller 3,2 årsverk. Dette viser at små organisasjonar og bedrifter, med god og gjennomtenkt bruk, kan oppnå svært mykje med sosiale medier.

Difor er dette ei god Facebook-side

Her er ein faksimile frå Kampanje.com, med juryen sin uttalelse om Facebook-sida til Stiftelsen Organdonasjon:

I bloggserien tar eg utgangspunkt i juryen sine kriterium. Så vil eg følge opp med konkrete døme på korleis Stiftelsen Organdonasjon oppfyller kriteria – og vise kva du kan lære og bli inspirert av og ta med tilbake til organisasjonen eller bedrifta som du jobbar i.

Juryen sine kriterium

  1. Tydeleg kommunisert mål med sida
  2. Heilskapleg merkevareoppleving
  3. Sida er jevnt oppdatert med spennande innhald
  4. Autentisk og menneskeleg kommunikasjonstone
  5. Engasjement og dialog – kvantitet og kvalitet
  6. Fasilitering av interaksjon mellom brukarane
  7. Tilrettelegg for «word of mouth» og spreiing
  8. Inneheld «call to action»

Viss du vil vere sikker på å få med deg neste innlegg, om korleis Stiftelsen Organdonasjon har eit tydeleg kommunisert mål med Facebook-sida, så gå inn på Facebook-sida til Arte et Marte og klikk «Lik dette». På Facebook-sida deler eg omtrent dagleg tips og råd om marknadsføring for små og mellomstore bedrifter og organisasjonar.

Kva synest du om vinnaren? Kva meiner du andre kan lære av Stiftelsen Organdonasjon? Eg set stor pris på ein kommentar i feltet under!

Du kan følge svar på dette innlegget gjennom RSS 2.0 Du kan skrive et svar, eller trackback.
Legg til kommentar

2 kommentarer

Legg til kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

no