Facebook-tips: Sett eit klart mål for Facebook-sida og kommuniser det tydeleg

Her får du vite korleis du kan bruke både velkomstsida, profilbildet, «Om»-feltet og infosida til å formidle kva du ønsker at brukarane skal gjere på Facebook-sida di.

Stiftelsen Organdonasjon vann tittelen Årets Facebook-side 2011. I denne bloggserien tar eg for meg juryen sine kriterier for ei god Facebook-side og kva andre organisasjonar og bedrifter kan lære av Årets Facebook-side.

Velkomstsida

Det første som møter nye brukarar av Stiftelsen Organdonasjon på Facebook er velkomstsida. Dette er sida du landar på viss du ikkje har klikka «Lik dette» enno. Allereie her formidlar Organdonasjon klart og tydeleg kva dei ønsker at brukarane skal gjere, gjennom sine Calls to Action:

Dei grønne pilene som peikar mot «Lik dette»-knappen oppfordrar brukarane til å klikke på den. Vidare oppfordrar sida brukarane til å seie ja til organdonasjon og å skaffe seg donorkort.

Profilbildet og «Om»-feltet

Når brukarane har klikka «Lik dette» er det tavla dei havnar på. Også her er det klart og tydeleg kva Stiftelsen Organdonasjon ønsker at dei skal gjere. I profilbildet oppfordrar dei til å ta stilling og seie JA, – og dei gir brukarane informasjon om korleis dei skal gå fram for å bli donor.

Også i det vesle, men viktige, «Om»-feltet får dei fram bodskapen om å seie JA til organdonasjon. Her fortel dei også kvifor brukarane skal gjere det.

Mål for Facebook-side - Profilbilde på Facebook

Infosida

På infosida gjentar dei hovudbodskapen, og gir litt meir utfyllande informasjon om korleis ein går fram for å bli donor. Legg merke til at dei klarer å halde bodskapen kortfatta og enkel.

Mål for Facebook-side - Infoside på Facebook

 

Viss du vil vere sikker på å få med deg neste innlegg, om korleis Stiftelsen Organdonasjon gir ei heilskapleg merkevareoppleving, så gå inn på Facebook-sida til Arte et Marte og klikk “Lik dette”. På Facebook-sida deler eg omtrent dagleg tips og råd om marknadsføring for små og mellomstore bedrifter og organisasjonar.

Kva er målet med Facebook-sida til bedrifta eller organisasjonen du jobbar i? Kva slags andre Facebook-sider veit du om som har eit klart mål med sida og ein tydeleg Call to Action? Del gjerne tips og linkar i kommentarfeltet!

Du kan følge svar på dette innlegget gjennom RSS 2.0 Du kan skrive et svar, eller trackback.
Legg til kommentar

2 kommentarer

Legg til kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

no