Kva er Google AdWords?

Det er to hovudmåtar å vere synleg i Google på. Den eine er i (det organiske) søkeresultatet, den andre er gjennom annonser. Dette innlegget handlar om å vere synleg i Google gjennom annonser, med annonseverktøyet Google AdWords.

Kvar blir annonsene vist?

Annonsene blir vist enten over (farga felt), til høgre for eller under (farga felt) søkeresultatet i Google.

Hva er Google AdWords

 

Kor synleg er bedrifta di i Google?

Som du ser av skjermbildet over gir eit søk på ordet «bryllupsfotograf» omtrent 156 000 søkeresultat. Det er berre plass til ti søkeresultat på den første sida i Google. Alle andre nettsider om bryllupsfotograf hamnar difor lenger bak i køen, på side 2, 3 eller kanskje på side 100.

Dei fleste potensielle kundar som søker etter «bryllupsfotograf», – eller «overnatting Selbu», «tannlegeskrekk Oslo» – eller nokon av dine produkt eller tenester, blar seg ikkje vidare frå den første sida. Enten klikkar dei seg inn på nokre av dei første søkeresultata, eller annonsene dei finn på den første sida, – eller så søker dei på nytt.

Kva slags søkeord trur du dine potensielle kundar bruker for å finne dine produkt og tenester? Prøv sjølv å søke på desse søkeorda og -begrepa i Google. Finn du bedrifta di når du søker på desse orda? Finn du den på den første sida i Google? Finn du den blant dei 3-4 øvste plassane på den første sida eller må du scrolle ned til siste halvdel av sida?

Hugs at ein potensiell kunde ikkje er tolmodig og grundig og leitar og blar heilt til han eller ho finn nettopp bedrifta di. Dei fleste av oss bruker nokre få sekund på å bestemme oss for om vi vil klikke på ein av linkane vi får opp, – eller om vi vil søke på nytt. Dersom ein potensiell kunde ikkje finn bedrifta di her, er sjansen stor for at ho klikkar seg inn til konkurrenten din i staden.

Lurer du på om Google AdWords er ein god måte å marknadsføre seg på for bedrifta di? Sjå også innlegget med gode grunnar til å bruke annonsering i Google.

 

Bruk gjerne 1 1/2 minutt på å sjå GoogleNorway sin eigen video om kva Google AdWords er:

Vil du ha hjelp til å bli synleg i Google gjennom Google AdWords-annonser?

Ta kontakt!

 

Du kan følge svar på dette innlegget gjennom RSS 2.0 Du kan skrive et svar, eller trackback.
Legg til kommentar

En kommentar

Legg til kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

no