Arte et Marte fyller 2 år!

Arte et Marte fyller 2 år i dag, og det er på tide å fortelle litt om korleis det går med babyen, og om barnets utvikling så langt, med tanke på språkutvikling, sosial læring og personlegheit.

Arte et Marte si historie er nok ikkje så ulik historia til andre bedrifter som tar steget ut i sosiale medier. Her får du difor også eit bilde på kva som eigentleg skjer når ei bedrift eller ein organisasjon begynner å bruke sosiale medier, enten den er to år gammal – eller femti.

Hurra for Arte et Marte som fyller 2 år!

Påkalle oppmerksamheit

Det har vore to spennande og givande år sidan Arte et Marte vart unnfanga, og kom til verda 28. januar i 2010.

To år med mange våkenetter og bekymringar for framtida er tilbakelagt. Men i det store og heile er det verdt det, – eg har jo verdens beste jobb og er veldig stolt over «avkommet»! Det er noko eige ved å drive sitt eige firma. Og forretningslivet er fullt av store øyeblikk – som dei første stega ut i sosiale medier.

Det er tydeleg at Arte et Marte er eit produkt av opphavet sitt. I løpet av mine elleve år som tilsett, som informasjons- og marknadsrådgjevar, ”junior” og senior, har eg jobba med fleire sider av marknadsføringsfaget, men mest med PR og informasjon. Eg har mykje erfaring med å jobbe operativt med artiklar/tekst/foto på intra- og Internett, til nyheitsbrev, bedriftsavis, sals- og marknadsmateriell og pressemeldingar.

Difor var Arte et Marte det første leveåret eit reint PR-firma, som hjelpte små og mellomstore bedrifter og organisasjonar med å oppnå medieomtale i tradisjonelle medier.

Eg antar at det er vanleg at barn ila det første året utviklar generelle kommunikasjonsferdigheiter, så som å påkalle dei vaksne si oppmerksamheit. Så var det også med Arte et Marte, som i starten jobba mest med å påkalle oppmerksamheit i media på vegne av kundane – om nylanseringar, nye produkt og tenester, eller å sette mediene sitt søkelys på eit problem som firmaet deira kunne løyse.

Forstå korleis kommunikasjonen verkar på andre

Før eg starta Arte et Marte hadde eg også jobba med andre sider av marknadsføring, så som direktemarknadsføring og events retta mot bedriftskundar. Eg trivdest godt med å måle effekten av tiltaka. Eg likte å jobbe med effektmålingar og analyser, og å dokumentere salseffekten av marknadsaktivitetane.

Ettersom nettaviser og webportalar vinn terreng i forhold til papiraviser og trykte medier, er det vel så viktig å få saker ”på trykk” i nettmediene som i papirmediene. Ein artikkel i eit nettmedium blir ikkje kasta etter bruk, – den havnar i nyheitsarkivet. Det inneber at når nokon søker på eit ord eller uttrykk i Google, så kan dei finne desse artiklane, – sjølv om dei er frå langt tilbake i tid. PR i nettmedier gjer også vegen inn til bedrifta sin eigen nettstad kortare.

Som følge av dette begynte eg å sette meg inn i webanalyse med Google Analytics, og såg nærmare på korleis medieomtalen for kundane mine verka inn på trafikken på nettstadene deira. Eg såg at ein link i ein god artikkel i ei nettavis førte til auka trafikk på nettsidene til kunden. Eg såg også at god omtale i tradisjonelle medier førte til at dei fekk fleire besøkande som hadde søkt i Google etter ord og uttrykk frå artikkelen.

Barns utvikling 0-5 år. Kjelde: Wikipedia http://no.wikipedia.org/wiki/Barns_utvikling og www.lekegrinda.com

Det er vanleg at barn si forståing for utanomverda ekspanderer i alderen 0-1 år, og at dei i 1-2-års-alderen begynner å forstå konsekvensar. Slik var det også med Arte et Marte som begynte å jobbe med korleis kommunikasjonen verka på andre, og korleis andre responderte på bodskapane som firmaet sendte ut på vegne av kundane. Den vesle bedrifta utvikla sterkare eigenvilje, – som også er vanleg for alderen – og ville meir enn å jobbe med PR.

Eg begynte også å jobbe med å analysere effekten av annonsering i nettkatalogar, og gje råd til kundar i forhold til om dei burde fortsette å annonsere i dei ulike nettkatalogane, eller heller bruke marknadsbudsjettet sitt på andre tiltak, som til dømes å vere synleg i Google ved å bruke Google AdWords eller gjennom søkemotoroptimalisering.

Arte et Marte begynte også å prate meir tydeleg, gjennom nye nettsider som tydelegare viser kva slags tenester firmaet tilbyr.

Sosialisering og leik med andre

I 1-2-års-alderen er det vanleg at barn begynner å sosialisere seg. Dei går frå å bable uforståeleg om seg og sitt, eller skrike på oppmerksamheit, til å kommunisere MED andre i omverda. Slik var det også med Arte et Marte. Våren 2011 tok eg sosiale medier på BI. Eg oppretta blogg og ein Twitter-konto. Eg laga også ei Facebook-side for Arte et Marte, og bruker no desse plattformene aktivt.

På samme måten som ein 1-2-åring begynner å vise interesse for å leike med andre, begynte også Arte et Marte både å lytte til kva potensielle kundar og bedrifter seier i sosiale medier, og å snakke med dei. På samme måten som eit barn begynner å nærme seg andre barn i sandkassa, og finne ut kven som kan ha utbytte av å leike i lag, og korleis – på samme måten begynte Arte et Marte å ha dialog på Twitter, Facebook og her på bloggen. Eg identifiserer sjølv bedrifter som kanskje kan bli kundar, og blir også kontakta av bedrifter som er interessert i det eg har å tilby. Nokon gonger fører det til sal, andre gonger vil dei kanskje berre sjå litt på kva eg leiker med. Slik kan ein seie at Arte et Marte, som normalt er for alderen, har fått både ekte venner/kundar, – og nokon imaginære, både på Twitter, Facebook og bloggen.

Eg har ein plan for bruken av sosiale medier, og har klart for meg kva eg skal bruke dei ulike kanalane til. Arte et Marte har lært seg å sette saman dei ulike «leiketøya» – PR/medieomtale for å skaffe oppmerksmheit, AdWords-annonser og søkemotoroptimalisering for å få besøkande som søker i Google, og webanalyse for å forstå meir av dei besøkande si åtferd på nettet. Arte et Marte tilbyr også å lage kommunikasjonsstrategi for kundane, og kan hjelpe dei med kombinasjonar av tiltak.

Fram til 5-års-alderen ser eg for meg at leik blir ein viktig del av utviklinga. Den sosiale læringsprosessen er i gang, både for Arte et Marte sjølv, og gjennom rådgjeving innan sosiale medier til kundar. Eg skal prøve meg fram, og hjelpe andre å prøve seg fram, og så måler vi og testar effekten undervegs. Dermed lærer vi stadig meir om kva som er sosialt akseptabelt, og kva som gir ønska effekt.

Med dette innlegget har Arte et Marte i ein alder av 24 månader begynt å snakke om seg sjølv, som også er heilt naturleg. Som du ser av illustrasjonen over, kan du forvente at firmaet pratar forståeleg halve tida.

Kjenner du deg igjen i bildet på kva som skjer når ei bedrift tar steget ut i sosiale medier? Korleis har bedrifta di utvikla seg gjennom bruk av sosiale medier? Kva slags andre likheitstrekk ser du mellom korleis barn og bedrifter kommuniserer? Du kan gjerne pludre litt i kommentarfeltet!

Viss du har lyst til å leike – eller berre følge med på kva Arte et Marte leiker med, så klikk liker på Facebook-sida mi, då vel!

Du kan følge svar på dette innlegget gjennom RSS 2.0 Du kan skrive et svar, eller trackback.

Legg til kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Du kan bruke disse HTML-kodene og -egenskapene: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

no